Olav Berstad (15), Pascal Sibondarar (14) og Marie Løviknes (14) er tre av dei totalt 128 elevane som står bak Musikalen 2025, som blir vist i Operahuset Nordfjord torsdag 16. og fredag 17. februar.

Musikalen er eit samarbeid mellom kulturskulen i Eid og Eid ungdomsskule, og freistar å vise fram eit ungdomsmiljø i året 2025.

– Og korleis grupper utestenger kvarandre. Her er dette symbolisert med dei ulike fargane rosa, blå, grøn og svart, forklarar trioen.

Elevane har arbeida iherdig med prosjektet sidan september, med unntak av ei pause i november og desember.

– Vi er sjølvsagt veldig spente på å sjå reaksjonane frå publikum, seier Olav, Pascal og Marie, og legg til at dei trur det blir veldig kjekt å stå på scena.

– Kva har vore det kjekkaste med prosjektet?

– Det kjekkaste så langt har vore å lære nye ting og møte folk frå andre klasser.