Med ein historiedag i Kalvåg håper Bremanger kommune at innbyggjarane vil kome med viktige innspel i arbeidet med kommunedelplan for kulturminne.

– Vi er heilt avhengige av å få innspel frå publikum på kva kulturminne og fagområde ein skal fokusere på, om det er industrihistorie eller kysthistorie, fortel kultursjef Espen Frøysland.

Han legg til at dei òg treng frivillige aktørar til å vere med på registreringa av kulturminna.

– Vi ønskjer å skape engasjement og få innspel, seier han om historiedagen på Knutholmen.

For å sørge for gode innspel frå innbyggjarane i kommunen, har dei derfor invitert til ein historiedag på Knutholmen førstkomande søndag.

Der vert det innlegg frå krigshistorikar Kjell Ragnar Berge som blant anna har skrive bøker om krigsminne i Bremanger. I tillegg vil Arvid Langeland, leiar for Kalvåg kystlag, prate om kystkultur og kva dei har jobba med, i tillegg til at Frøysland sjølv vil ha eit innlegg om kulturminne.

– Eg håper at folk kjem, og Knutholmen serverer kake og kaffi. Eg trur det vert kjekt, men vi legg og opp til å få tilbakemeldingar og innspel undervegs i prosessen og gjennom heile året, seier han og fortel at dei alt har oppretta ei Facebook-side for nettopp dette formålet.

Saka sto på trykk på Etter jobb-sidene i fredagens papirutgåve av Fjordenes Tidende. Ønskjer du at ditt arrangement skal bli omtalt på Etter jobb? Send oss tips på fjt@fjt.no!