– Alle artistane som er inne på laurdagen skal vere med i toget. Det skal også disney-figurane Mikke, Minnie, Donald og Dolly, fortel Bjørn Tungevåg i arrangementskomiteen for Måløydagene.

– Treningssenteret har meldt seg på. Det trur eg blir veldig bra. I tillegg har vi ein barnehage som har meldt seg på, og det har jo ikkje skjedd på mange år, sjølv om dette var vanleg før. Då var både lag, organisasjonar og bedrifter med, fortel Anne Grethe Strand, som legg til at det aldri er for seint å melde seg på til opptoget.

– Jo fleire som kjem, sjølv om det er dagen før, desto betre.

Trur på fulle hus

Men ifølge komiteen står høgdepunkta i kø denne helga. Dei trekk spesielt fram kveldsarrangementa.

– Eg trur det blir fulle hus og stormande jubel begge teltkveldane. Det er veldig kjekt at Måløy Musikklag er tilbake igjen. Dei har verkeleg lagt seg i selen og kjem med eit forrykande show. Dei har vel ein eller to rolege songar, elles blir det full fyr i teltet, smiler Tungevåg, som også trekk fram aktivitetane for dei minste.

I år blir mykje av underhaldninga både på dag- og kveldstid samla i teltet på Torget. Det trur arrangørane vil vere bra for festivalen.

– Det blir meir samlande for festivalen. Teltet vil vere ope på dagtid alle dagane, seier Tungevåg.

– Det blir fint vêr og uteservering med både mat og drikke ved teltet, slår Sigbjørn Kvalheim fast.

Eit utstillingsvindauge

Arrangørane er i innspurten av førebuingane til årets festival, og sjølv om det kan vere krevjande er ikkje komiteen i tvil om at festivalen er viktig for Måløy.

– Ein kan jo prøve å tenke seg korleis det vart viss det ikkje var Måløydager etter 40 år med det, seier Kvalheim.

Tungevåg peiker på at alle som deltek får vist seg fram.

– Her kjem mykje folk på Måløydagene. Vi ser at gjestehamna, bubilparkeringa og hotella fyller seg opp. I tillegg kjem folk heim for å få med seg festivalen. Vi får også vist for dei som bur her at det skjer ting. Måløydagene har blitt ein fin tradisjon, samanfattar Tungevåg.