Stadt Naturguiding er ein av fleire som vil vise alt kva Stadlandet har å by på under Sommaraktive Stad 2016.

– Vi skal ha opplegg med tur og innsamling av rekved og rekvedkurs. Det blir også tur til helleristningane, seier Grete Solborg Fure i Stadt Naturguiding om dei guida turane dei arrangere i kystlandskapet på Stad under Sommaraktive Stad 2016.

Rita Borgundvåg frå Natur Til Inspirasjon står for rekvedkurset i sin verkstad og galleri i Borgundvågen.

Aktivitetsveke

– Dette blir ei veke med aktivitetar av ulike slag for born og vaksne. Vi skal ha fjelltrimkonkurranse og vassportdag med aktivitetar på sjø og vatn. Eliasbåten kjem på besøk, det blir halde surfekurs og fiskekonkurranse, og vi har lånt kajakkane til kommunen. Ægir dykkarklubb har stand og det blir moglegheit for paintball, zumba, i tillegg til yoga med Gry Hansen kvar dag i Hoddevika. Det blir også fotballaktivitetar og familieturnering på Stadlandet stadion, og det vil bli arrangert sykkelløp, fortel leiar for fotballgruppa i Stadlandet IL, Petter Leikanger om veka på Stadlandet.

Startar med konsert

Veka byrjar 8. juli med ein sommarfest i grendehuset, med Charlie Rackstead and the Sticklesbergen Ramblers, der mellom anna Rune Nilson kjend frå programmet Lunsj i NRK P1, skal spele.

– Avslutninga blir på den tradisjonsrike Korsadagen som blir arrangert som før, i tillegg til premieutdeling, utedans og konsert med Steinar Engelbrektson med band, seier han.

Håpar å lage tradisjon

– Stadlandet har dei siste åra fått mange nye innbyggarar, og fleire av desse har starta små gründerverksemder. Vi håpar desse og dei allereie etablerte bedriftene på Stadlandet ynskjer å nytte høve til å profilere seg sjølve og skape litt fokus på kva som går an å få til, berre ein vågar å tenke nytt og satse, seier Leikanger.

– Målet er at vi kan få til dette arrangementet som ein årleg tradisjon, fortel han.

Arrangørane er framleis opne for nye aktivitetar å ha på planen.

– Vi er stort sett i mål med planlegginga, men om det er andre aktørar som ønskjer å vere med så er det berre å gi beskjed så skal dei få plass.