Under Hei og Hå 4H sin haustfest på Bryggja fekk ein sjå både utstillingar og sketsjar, samt song og dans.

Haustfesten blei arrangert 1. november og Vigdis Hopland fortel at det var mykje planlegging og øving i framkant av festen.

– Forventningsfulle ungdomar og vaksne gledde seg til å komme i gong. I forkant jobba tre av klubbens tidlegare 4H-medlemmar i lag med tre noverande medlemmer med å rigge scene, lyd og lys. Og dei gjorde ein kjempejobb både i forkant og under festen, seier Hopland.

Ho fortel også at det var eit variert og underhaldande program med bildeframsyning frå dei som var på Nordisk 4H- leir i Finland, sketsjar, song og dans. Festen vart leia av Emma Kassen og Rakel Sørhaug.

– Langs med veggane var det laga til 27 flotte utstillingar som bar preg av at dei har arbeidd godt gjennom året. Og at interessene er mange blant 4H-ungdomen, seier Hopland og viser til at dei mellom anna driv med volleyball, baking, friluftsliv, foto, fiske, båtliv, og traktor.

Ordførar Kristin Maurstad kom også innom haustfesten, der ho delte ut merke og Sigurd Olav Husevåg delte ut sølvskeier til medlemane for godkjent prosjekt.