– Eg er aldri nervøs, for eg ser ikkje publikum, smiler Vilde Hjelle (11), som deltok på UKM på Nordfjordeid i helga.

Ho stilte med den sjølvskrivne låten «Eit hjarte av gull», og sjarmerte juryen til å gi henne plass vidare til fylkesmønstringa i Førde.

– Det er eg og pappa Tore som lagar songar saman. Pappa begynner, og så følgjer eg på med mine idear, smiler ho.

I fjor stilte ho på UKM med songen «Heimatt til Eid», som fekk stor merksemd lokalt.

– No begynner eg å få meir erfaring, seier 11-åringen, som syng og spelar piano stort sett kvar dag. Den nye songen handlar om å ha småsøsken.

I følgje Vilde er det ikkje alltid lett:

«Eg veit om ein som kan tulle med alt, som irriterer meg, det kan umuleg vere normalt.Eg veit om ein som kan tulle til bråk, som vil vere ned når eg har besøk.Han er lisjebroren min, eg synes han er veldig fin.Kan ikkje vere sint på han, for han gjere så godt han kan.»

Kjekt på scena

Og då Vilde entra scene var ho ikkje det spor nervøs.

– Å stå på scena er veldig kjekt, for eg likar så godt å synge og spele piano. Og fordi det er så mørkt der publikum sit, så ser eg dei ikkje, eg ser berre pianoet, seier ho. Vilde og pappa er allereie i gong med endå ein ny song, men kva den handlar om er hemmeleg.– Eg må kome med nylaga song kvar gong, smiler ho.

Les mer i papirutgaven av Fjordenes Tidende