Namn:Shayan Wasta
Alder:18 år
Sivilstand:singel
Bustad:Måløy
Yrke:elev ved Måløy vidaregåande skule

– Kva er du mest oppteken av?

– Det eg er mest oppteken av er rettferd i verda. Eg meiner noko av det viktigaste er at alle blir respektert og behandla likt uansett kva livssyn, hudfarge og legning dei har.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida mi jobbar eg ein del, er med vennar og trenar.

– Kven beundrar du?

–  Eg beundrar faren min, Miran. Gjennom heile livet har han jobba hardt for at både eg og søskena mine skal få ein god og trygg oppvekst.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min må være naturen og turmoglegheitane vi har her.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

–  Der står det: Vegane i Vågsøy og Selje blir betre og tryggare.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

–  Eg meiner eldreomsorgen er noko av det viktigaste vi har i kommunen vår. Eg jobbar sjølv innanfor denne sektoren og meiner det er svært viktig at dei eldre får den omsorgen og pleien som dei treng. Dersom eg var ordførar for ein dag ville eg heilt klart gjort nokon endringar innanfor dette feltet.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det må være Imagine Dragons konsert i Oslo med klassa mi!

– Kva har du på nattbordet?

– Mobil, bok og ein handkrem.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, Instagram og VG.

– Kva er meininga med livet?

– Det er eg faktisk ikkje sikker på! Meininga med livet er forskjellig for kvart individ.