Dei 76 borna som var med på sommarskulen til Skavøypoll Idrettslag har hatt dagar fullspekka med morosame aktivitetar og opplevingar.

Sofia Verpeide Rimstad (8), Marius Saltkjel (8) og Kaisa Blålid Thorsen (8) var blant dei som kosa seg på sommarskule, og understrekar at sjølv om det kan høyrast keisamt ut med skule i ferien, er det langt frå sanninga.

Dei tre åtteåringane fortel at dei har hatt det så kjekt den siste veka at dei meir enn gjerne ønsker å kome tilbake neste år, og året etter det.

– Vi vil vere med her heilt til vi begynner i 8. klasse og er for store til å melde oss på fleire gongar, fortel dei.

Fått nye venner

– Vi har hatt det kjempekjekt med alle aktivitetane på sommarskulen. Ja, minst tusen gongar kjekkare enn om vi skulle ha vore heime, fortel Alvilde Hansen (8) og Sandra Storøy (8) som seier dei hadde blitt sittande framfor ein skjerm medan foreldra jobba.

Eit etterlengta tilbod

Kim Nedreberg Silden, som saman med John Marius Granheim og Jimmy Linder, tok initiativ til aktivitetsskulen, er nøgd med responsen frå borna, og fortel at tilbakemeldingane frå foreldra også har vore utelukkande positive.

Han håpar at sommarskulen klarer å slå rot som eit etablert konsept, og fortel at dei ser for seg fire veker til neste år.

– Alt overskotet frå desse to vekene i år er øyremerka til vidareutvikling av konseptet. Allereie i år har vi begynt å bygge eit uteområde som er meint som eit slags sommarskule-campus. Her har borna vore med å laga gapahuk, taubane, sittegruppe og bålplass.

Vil engasjere lokale lag

Det påbegynte uteområdet ligg i forbindelse med ein tursti ved demninga oppe ved Nygårdsvatnet i Deknepollen.

Han fortel at variasjon og mangfald er viktig for sommarskulen, og at dei kjem til å invitere lag og organisasjonar i nærmiljøet til å vere med på nokre av dagane til neste år.

– Måløy Discgolf og Vågsøy klatreklubb var av dei som var med oss i år. Dette skapar variasjon for borna, samtidig som det er ei kjempemoglegheit for rekruttering, seier han.

Seks frivillige og åtte innleigde instruktørar har stått for aktiviseringa av ungane på sommarskulen. Det lokale næringslivet har også stilt opp som sponsorar, og bidratt med blant anna utstyrspakkar og mat til deltakarane.