Det var stor entusiasme då borna tok plass på Lekteren for å delta i fiskekonkurranse laurdag.

I håp om å gjenta suksessen frå eit tidlegare år, var Tor Kristian Strand Kandal og veslesyster Viktoria Kristin Strand Kandal to av dei som deltok i barnefiskekonkurransen i helga.

– Eg vann eit tidlegare år, smiler Tor Kristian i det konkurransen skal til å byrje.

– Då var fisken kjempelang, fortel han.

Fiskar mykje om sommaren

Det var få ledige plassar då det vart arrangert barnefiskekonkurranse for born opp til 14 år på Lekteren laurdag. Alle som deltok fekk premie, i til ekstra premie til den som fanga lengste fisk, og tre ekstra på deltakarnummer. Viktoria og Tor Kristian delte på å fiske under konkurransen.

– Vi fiska masse. Mest om sommaren, seier Tor Kristian.Han drog i land ein fisk på 29 cm under fiskekonkurransen frå Lekteren, og var godt nøgd med det. Den lengste fisken i løpet av den timeslange konkurransen vart fiska av Even Sølvberg Vedvik og var 34 cm lang. – Det var kjekt, smiler han, etter å ha motteke premien, som var ei splitter ny fiskestong med sluk.

For heile familien

Laurdag var full av underhaldning og aktivitetar for heile familien under Havfiskefestivalen.

– Festivalen handlar mykje om å lære den komande generasjonen om fiskeri og kysthistoria, sa Kjell Oldeide i framkant av festivalen. På torget var det barneaktivitetar og turar med Elias-båten, waterballs og RIB-turar. Utanfor torgteltet spelte Halvor Nesbakk og Iver Strand Senneset frå Bremanger, Terje Grinde frå Eid.

Speakers Corner

Havfiskefestivalen stod for Speakers Corner, der lokalbefolkninga blei oppmoda til å stille seg på fiskekassa og seie si meining om det ein måtte ynskje. Turid Breidalen var ei av dei som gjekk opp på kassa, i tillegg til Øystein Sandøy, Terje Sølvberg og Magne Sætren.

Innsida av festivalteltet var pryda av plakatar om ulike fiskesortar, laga av elevane i dei ulike Vågsøy-barneskulane. Kvelden vart avslutta med konsert i torgteltet, der banda Alloy og Vestlandsfanden spelte. Sundag var det familiefiskekonkurranse på Fiskerikaia, Moldøen.