Etter fleire år med nedgang peikar det oppover for fjordhesten, meiner Asle Espe.

Det vert fødd for få fjordhestar, og framtida har sett mørk ut for næringa. No er spenninga stor over kor mange folar som vert fødd i år. I 2015 har det vore 226 bedekningar mot berre 150 i 2014, og utviklinga ser ut til å gå rette vegen.

– Det ser ut til at det kan bli fleire folar i år, seier Asle Espe frå Eid, organisasjonssekretær i Norges Fjordhestlag. Om ei veke ventar han sjølv ein ny fole på garden, i tillegg til at han stolt viser fram eittåringen Espe Runa, som no i veka skal visast fram på unghestskue.

Har vore urolege

Det har vore uro for utviklinga for alle nasjonale hesterasar.

– Mykje av nedgangen for fjordhesten skuldast at husdyra forsvinn frå gardane. Men vi har ein god strategi i korleis vi skal motivere og halde oppe avlen innan fjordhest. No trur vi botnen er nådd og at det berre kan gå oppover. Det har vore ei utfordring med å få opp bedekningane, og få unge friske dyr igjen. Vi er nøydde å gjennomføre eit skippertak, men det tar fire-fem år frå bedekning til ein har ein brukshest å tilby marknaden.

I staden for å importere hest frå utlandet meiner han ein må halde oppe bestanden med ein hest som kan konkurrere på dei fleste bruksnivå.

Utdannar unghestar

– Vi må tenkje gode kombinasjonar og må ha bredde av kva fjordhestar vi har å tilby innan avl, for å minske risiko for innavl. Å tenkje kombinasjonshest må vi også bli flinkare til.

Før gjekk kunnskapen frå generasjon til generasjon. I dag har ungjentene overtatt.

– Vi kan auke så mykje vi vil av fjordhesten, men det hjelp ikkje om vi ikkje har unge som vil ha den. Norges Fjordhestlag står difor bak avlskurs, og samlingar med ungdyr så ein kan tilby unge som er med i miljøet. Det håper vi å rekruttere fleire med, seier han.

– Det har vore ein propp i systemet å bli kvitt unghestar, difor er det fleire som ikkje har satsa på avl. No skal vi i gang med eit prosjekt her på senteret, som fører til at vi får utdanna unghestar. Det vil vere positivt også for avlen.