Innbyggjarane i Davik og Solund kan glede seg til å få skape ein draumeplass i naturen det komande året.

- Oi! Wow! No vart eg veldig, veldig glad. Dette blir utruleg spennande! jublar Camilla Nesheim i Troda 4H-klubb på Davik, som har ført søknaden om å bli draumeplass i pennen. No vil 4H-klubben skape ein ny naturmøteplass i bygda, saman med andre lag i område.

Det melder Sogn og Fjordane 4H i ei pressemelding. Organisasjonen står bak Draumeplassen, som er ein del av prosjektet Møteplass: Naturen. Dei to vinnarane får 50.000 kroner kvar, samt prosjekthjelp og arkitekttenester via midlar frå Gjensidigestiftelsen.

- Gjennom Draumeplassen får vi vere tett på to lokalmiljø og arbeidet deira med naturmøteplass. I Davik vil det bli laga ein ny naturmøteplass og på Hardbakke i Solund vil ein allereie eksisterande naturmøteplass bli utvikla vidare. Dette vil gje oss unik kunnskap og idear som vi etter kvart vil formidle i ei nettside for naturmøteplassar, fortel Hanna deGroot, prosjektleiar i 4H Sogn og Fjordane.

I alt 18 lokalmiljø i fylket søkte om å vinne innan fristen 1. mai.

- Det var veldig mange gode søknader, og dei 16 som ikkje vann heilt fram vil likevel få ei tilbakemelding med tips til korleis dei kan få realisert ideane sine, fortel deGroot.

I Davik har både 4H-medlemene og andre i bygda allereie mange idear til korleis dei vil lage naturmøteplassen.

- Plassen vi ser føre oss ligg i Langedalen, langs Nordsjøløypa. Dei unge elskar allereie plassen. Den ligg usjenert til, men likevel nær bustadområde. Det er mange moglegheiter for både aktivitetar og turar, og det skal bli ein plass som alle kan bruke, med tilrettelegging også for rørslehemma. Plassen er eit Eldorado, som vi no får sjansen til å vere med å utvikle, smiler Camilla Nesheim i Troda 4H.