– Maskeballet er ein utruleg vakker kostymeopera, fastslår operasjef Kari Standal Pavelich.

Onsdag 30. september er det duka for premieren av Opera Nordfjord sin haustproduksjon Maskeballet av Verdi. Denne gong er det samproduksjon med Den Norske Opera & Ballett.

Alle på plass

Alle tilreisande solistar og anna personell innan scenografi, kostyme, maske og lys er no på plass på Nordfjordeid, og onsdag var første orkesterprøve i operahuset.

– Maskeballet byggjer på ei sann historie, og er ein utruleg vakker og tidsriktig kostymeopera av dei sjeldne. Dette blir ei spennande samproduksjon med Den Norske Opera, der det er dei som kjem med kulissar og påkosta kostyme. Dette vert både vakkert for auge og flott for øyret, lovar Standal Pavelich.

Det er no hektiske dagar i operahuset, og då vi stakk innom var det full aktivitet med å få på plass kulissane.

– Dette er ein stor koropera, og dei som er med har mykje å gjere, fortel operasjefen. I tillegg til operakoret med 25 lokale songarar, kan ein mellom anna også oppleve fem dansejenter og to dansegutar frå Eid.

– Gutane er plukka ut frå drillen i Elskhug og eksis, og det er flott at vi kan rekruttere derifrå. Desse har fått smaken på scenelivet, og er utruleg flotte i kostyme med høge løft på scena. Elles har vi to «pasjar» på 7–9 år, som høyrer til i hoffet og har små oppgåver på scena. Dei er utruleg sjarmerande, meiner ho.

Har alt

Operasjefen meiner dei har fått til eit fint samspel med operaen i Bjørvika.

– Her har vi fordeling av ansvar. Vi har ikkje produksjonen av kostyme og kulissar her heime, og våre frivillige på desse områda har hatt det som eit friår denne gongen. Men no er dei i full aktivitet med klesskifte og rigging av kulissar, meiner Standal Pavelich og fortel at med samarbeidet har dei høve til å lage kvalitet scenatisk og med kostyme.

– Og det er kjekt for våre frivillige å lære av dei tilsette ved Den Norske Opera, meiner ho.Operasjefen meiner det er ekstremt flott solistlag av høg kvalitet som vil stå på scena.

– Det skal bli imponerande for dei som sit i salen. Maskeballet er ein opera som har alt, og det er mykje ledige billettar igjen, fastslår operasjefen.