Det vart elektrisk stemning i festivalteltet då artisten Johnny Fortuno inviterte sin gode ven og Måløy sin eigen Elvis, Isak Søraa, opp på scena i Graceland laurdag kveld.

– Det sit ein veldig god ven og dyktig songar i salen, og eg kan ikkje reise frå Måløy utan å få høyre han synge i kveld, sa Johnny Fortuno, under showet sitt «Such A Night».

– Den invitasjonen kom ut av det blå, og var Johnny sin ide, smiler Søraa etter konserten.

Artisten framførte «One Night With You», før Fortuno igjen entra scena. Men overraskingane tok ikkje slutt med dette. Dei to bestemte seg for å gjere ein duett, til om mogleg enno meir applaus frå publikum.

– Eg set så utruleg stor pris på å bli tatt imot på den måten som eg vart i teltet. Det varma. Uansett korleis vi ser på det så er dette mitt publikum og vi er på heimebane, så då kan det ikkje bli betre, sa Søraa.

– Dette er kremen av artistar innanfor dette segmentet. Johnny er jo ein heilt fantastisk artist, som eg har blitt veldig godt kjend med. Men ein som verkeleg fekk mange vener her var Garry Moore. Det var elektrisk i teltet på fredag då han stod på scena. Eg venta berre på at lynet skulle slå ned. Gordon er jo ein av dei beste Elvis tribute-artistane i verda, og Zelimir er ein utruleg energisk og dyktig mann som spelar med publikum, seier Søraa om dei internasjonale artistane som har stått på scena i helga.

– Det har vore ei stjernespekka helg i Måløy. Vi er ein liten plass i havgapet, men vi har fått nokre vener der ute som gjerne vil kome å besøke oss, samanfattar Måløy sin eigen Elvis.