Fredag kveld gjekk ni lokale musikarar på scena i teltet under Måløydagene. Jørn Trollebø Kvalheim var ein av dei, og seier nivået er heilt unikt.

Trollebø Kvalheim syns det er kjekt å kome tilbake til Måløy å sjå utviklinga hos dei andre lokale artistane.

Ingen ting er betre

Trollebø Kvalheim var den siste som entra scena under showet. Det han sit att med etter konserten er bileta av eit folkehav.

– Det var veldig kjekt å kome heim. Eg fekk gåsehud av publikum. Eg ser føre meg mykje ekstremt glade folk, som prøvde å kome seg opp på scena. Det var ikkje mange som sat i ro, seier han med eit smil. Fleire av dei lokale artistane har den same oppfatninga av kvelden.

For Håkon Kongshaug understrekar opplevinga det han har visst heile tida, at det kjekkaste er å spele heime.

Han er samd med Trollebø Kvalheim i at det er noko spesielt med musikkmiljøet i Måløy.

– Det at ein kan ha eit heilt show med nesten berre lokale namn viser kor dyktige folk er her i Måløy, og at det er mange som både likar musikk og satsar på musikken, seier han og legg til:

– Eg trur det er mykje takka vere den jobben som er gjort med songskulen og at Jørn kom på andreplass i Idol. Eg kjente at eg vart inspirert då han gjorde det så bra. Kongshaug håpar at han no kan vere ein inspirasjon for andre.

– Eg håpar sjølvsagt at eg kan bidra til å inspirere nokon vidare, slik at vi kan halde fram det gode musikkmiljøet her. Under fredagens show i teltet spelte også Christian Ingebrigtsen og Gaute Ormåsen, samt The Whole Shebang.

Laga sirkus

Laurdag kveld entra Heine Totland's Sensational Rock & Roll Circus scena. Og sirkus vart det. Bandet framførte rockelåtar frå 50- og 60-talet, med høg allsongfaktor.

– Eg møtte ein mann på ferja tidlegare i dag, og eg kjende med ein gong at denne mannen vil eg synge saman med, sa han, før Isak Søraa kom inn på scena til enorm jubel frå publikum.

– Det var så utruleg moro då Isak kom på scena. Det må nesten vere høgdepunktet for meg, seier Trollebø Kvalheim om overraskinga. Søraa framførte to Elvis-låtar saman med bandet. Men overraskingane stoppa ikkje der. Kontrabassisten i bandet tok ordet om lag midtvegs i konserten.– På veg hit i dag fekk eg ei kjekk nyheit.

Eg høyrde at Sigbjørn hadde fått eldsjelprisen. Det er veldig fortent. Sigbjørn Kvalheim frå Musikklubben kom så på scena og vart hylla av både bandet og publikum. Etter tre ekstranummer var konserten over, trass i at publikum song på refrenget av «Hey Jude» heilt til dei vart avbrotne av musikk frå høgtalarane.

Under showet laurdag var det også konsert med Elisabeth Kristensen, som kom på andreplass i The Voice og bandet The Whole Shebang.