MC-klubben Njords Men stilte opp på Opplev Bremanger for å vise at ein har ein aktiv MC-klubb i kommunen.

– Vi vil vise at vi er starta opp igjen. Dette er ein klubb for heile Bremanger, både Svelgen Bremanger og Kalvåg, fortel Kjell Larsen frå Kalvåg.

Han er president i motorsykkelklubben Njords Men MC som starta opp for to år sidan.

Fire av dei totalt tolv medlemmene viste fram syklane sine under festivalen Opplev Bremanger.

– Det starta med fem-seks og no har medlemstalet dobla seg, fortel Larsen, som gjerne tek i mot fleire.

– Det var stor klubb på 1990-talet, og det er mange som har syklar som ikkje er medlem i ein klubb, seier han og fortset:

– Sykkel er i fokus. Om ein oppfører seg innanfor grensene sett av samfunnet, er ein velkomen i klubben. Uansett sykkel eller merke, seier Larsen.

Foreløpig er det bare menn i klubben.

– Men vi er ganske sikre på at vi får inn ei dame neste år. Kona held på å ta lappen, smiler han.