Ottar Refvik og koret Stormklang har ønskekonsert 22. oktober på Raudeberg samfunnshus, og han vart intervjua i vår Fort sagt-spalte fredag 14. oktober:

Namn: Ottar Refvik Alder: 62 årAdresse: RaudebergSivilstatus: giftYrke: kranførarHobby: song og musikkAktuell med: er med i koret Stormklang, som har ønskekonsert 22. oktober på Raudeberg samfunnshus.

– Kva skjer på ønskekonserten?– Konserten i år har vi kalla ein ønskekonsert. Mange i koret har vore med på å plukke ut repertoaret til konserten, så derfor blei det ønskekonserten.

– Kvifor ville de ha denne konserten?– Stormklang har vore med på Heim i Haust sidan oppstarten, som eit av fleire underhaldningsbidrag. I år blir det litt spesielt. Dette er siste gong det blir eit arrangement i Raudeberg Samfunnshus. No er ei gamal tid forbi, alt som Samfunnshuset har bidratt med i alle år, tek no slutt. Så vi håpar at det vil bli ei verdig avslutning av det Samfunnshuset har stått for i ein generasjon. Og no ser vi framover mot ei moderne tid i Nye Kulturhuset.

– Kor lenge har de øvd?– Vi har øvd på denne konserten sidan i vår. Så vi er godt førebudd til 22. oktober.

– Vi i Stormklang ønskjer alle vel møtt til Ønskekonserten laurdag 22. oktober, seier Ottar Refvik (i midten) i koret. Dette blir det siste arrangementet i samfunnshuset på Raudeberg.

– Ja, vi gler oss til å opptre for publikum. Vi har det veldig kjekt på øvingar, men ingenting kan måle seg med å få opptre framfor eit publikum.

– Korleis vil du beskrive den komande ønskekonserten?– Publikum vil få høyre på gamal og ny musikk. Vi har valt å synge mykje norsk musikk. Men sjølvsagt har vi med musikk av utanlandske stjerner.

– Kan du røpe noko av det publikum får høyre denne kvelden?– Vi har mellom anna nokre songar av Vamp, Hellbillies, Bruce Springsteen og så vidare. Vi håpar på mykje folk på det siste arrangementet i Samfunnshuset.

– Korleis står det til med koret elles? – Per i dag er vi vel 30 medlemmar, og som alle andre som driv med song og musikk, så er det alltid kjekt å få med fleire medlemmar. Det er kjekt å synge i kor, og samhald og vennskap er godt. Vi tek vare på kvarandre og så har vi det utruleg kjekt i lag.

Konserten er ein del av Heim i Haust-arrangementet som blir arrangert neste helg.