Dei lokale talenta fekk vise seg fram i showet The Young Ones under Elvisfestivalen. Isak Søraa seier det stadig vekk dukkar opp nye stjerner.

– Det må vere noko med vatnet her. Det er heilt fantastisk å sjå og høyre på dei. Eg har hatt fleire av dei i studio, og dei er utruleg dyktige, sa Søraa etter konserten med Celine Mork, Andrea Santiago, Andrea Refvik, Håkon Kongshaug og Måløy Soul Children.

– Eg har aldri gjort ein konsert for så mange. Eg var veldig nervøs, men det var veldig kjekt og eg vil gjerne gjer det igjen, sa ho.

Regnet førte til at Elvisparaden gjennom gata vart avlyst, men det var mange som trassa vêret og fann vegen til sentrum og festivalteltet.

I tillegg har det vore amcar- og gatebilutstilling på Torget.

I tillegg blir det show i Turnhallen med dei to duoane Kristian Lysebråte og Øystein Hagen og Robert og Espen.

Du kan lese meir om arrangementet i Fjordenes Tidende tysdag.