Alexander Standal Pavelich (28) er aktuell både som låtskrivar, artist og pappa. Trass i at kombinasjonen kan vere utfordrande er han ikkje i tvil om at det er eit samspel som lar seg gjere.

– Draumen om å stå på festivalscener livet ut blir mindre og mindre, no utforskar eg andre aspekt ved musikken. Gutedraumen om å bli størst og best har bytt plass med ein tanke om at no jobbar eg med musikk for min eigen del. No skal eg gjere det slik at eg får nådd mine mål, skaffa mat på bordet og gjort det beste ut av livet, fortel Alexander, som er låtskrivar for internasjonale stjerner, jobbar i plateselskapet Toothfairy og er frontfigur i bandet Lovespeake, som tidlegare i vår gav ut si første plate DNA.

Lovespeake, som Alexander er vokalist i, opna årets Bylarm. Dette var fyrste gong dei spelte musikken sin for eit stort publikum. Konserten har ført til at dei blitt booka til fleire arrangement.

For eit og eit halvt år sidan vart Alexander pappa til Sebastian. Artisten fortel at det ikkje berre har vore enkelt å få det til å gå rundt.

– Det har gått betre enn eg trudde. Eg har vore veldig fleksibel den siste tida og Stine (sambuaren) har jobba deltid. Men det var periodar der eg var ute og spelte i åtte veker og ho jobba laurdagar, så då vart det mykje barnepass. Når far og son er saman er ofte musikk inne i biletet.

– Vi har ikkje det same utstyret heime som eg hadde når vi vaks opp, men når vi sit og leikar står det ofte musikk på i bakgrunnen, og då vil Sebastian veldig gjerne danse. Eg vil sørge for at han får eit øyre for musikk, sjølv om han ikkje nødvendigvis vil drive med det seinare, fortel Alexander, som så lenge han kan hugse har hatt eit sterkt forhold til musikk.

I 2006 var Alexander festivalsjef for Malakoff Rockfestival. Han har tidlegare stått på scena med Eye Emma Jedi, og i år kjem Alexander tilbake med bandet Lovespeake. Her som publikummar i 2012. Arkivfoto

Det fyrste møtet med organisert musikk fekk han i Haugen skulekorps. Etter den tid har han vore med i fleire korps, skulemusikalar, operaer og tre band.

– Det har alltid vore musikk i heimen. Vi tre eldste gutane som vaks opp i lag, meg, Christopher og Simon, song trestemt, og når vi spelte dataspel eller såg på Cartoon Network song vi med på theme-songane og kunne alle arrangementa. Det vart då, som no, mykje hysjing rundt middagsbordet, for alle sit og trallar på noko, humrar Alexander, før han startar å nynne på songar frå gamle TV-spel.