Det var yrande folkeliv, strålande sol og knallgod stemning då det blei arrangert  aktivitetsdag i Selje tysdag denne veka.

– Dagen enda opp som ein stor suksess, seier MOT-koordinator Maria Helgesen, som var ein av initiativtakarane til arrangementet.

Ho fortel at tanken bak var at det skulle vere ein samlande dag, der flyktningar og andre nye innbyggjarar skulle få ei moglegheit til å bli betre kjent med resten av innbyggjarane.

Dagen blei brukt i parken i Selje og på sanden, og ein kunne vere med på blant anna fridykking, yoga, sandvolleyball og sandslottkonkurranse.

– Det er ikkje alltid ein treng å tenke så komplisert for å lage til kjekke ting. Det viktigaste er at ein kjem saman og klarer å utnytte dei ressursane ein allereie har, seier Helgesen.

– Vi var heldige med veiret og fekk ein skikkeleg sommardag der folk gjekk barbeint, bada og grilla. Tilbakemeldingane gjekk på at dette var kjekt, så dette bør vi gjere fleire gongar, seier Helgesen.

Etter eit voldsomt sandslott-engasjement har Helgesen køyrt i gong enda ein konkurranse.

– Folk kan bruke emneknaggen #sandslottseljekommune og legge ut bilete av sandslotta sine på Instagram, så kårar vi ein vinnar mot slutten av sommaren, avsluttar ho.