– Vi er på utkikk etter bilete av hurtigruta til kai ved Myrestrandkaia i 1950–60 åra. I tillegg er vi på jakt etter bilete av fire enkeltpersonar. Desse er Erling «Klipen» Televik, Sverre Totland, Martin Totland eller «lisje Martin» som han vart kalla og Artur Vetvik, forklarar Helge Hjelle.

Han presiserer at bileta må vere originale og ikkje kopiar.

– Vi trur det finst mykje der ute, og håpar folk kan ta seg tid til å bla i gamle album. Om nokon kjem over bilete av dei vi nemner, så kan dei levere dei til Terje (Sølvberg) eller meg.

Initiativtakarane seier folk har vore hjelpsame når det kjem til å låne ut eller donere gjenstandar til senteret.

– Vi har enormt mykje materiell lagra. I tillegg har folk som vi har gjort avtalar med framleis ein del lagra heime hos seg. Folk lokalt har vore veldig positive til å låne ut gjenstandar.

Senteret tar form

Heradsheim, bygget der Måløyraidsenteret skal halde til, har gått gjennom ei stor forandring. Fasaden har blitt pussa opp, bygget har fått ein utvendig heis og alt utanom ytter- vegger og tre berande vegger har blitt rivne.

– Vi har fått dei rominndelingane vi skal ha. Alle veggane i andre og tredje etasje er sparkla og grunna, og vi arbeider med å gjere det same på veggane i første etasje. Sprinkelanlegget er på plass, og innan 15. januar skal ventilasjonen vere ferdig. Då startar arbeidet med å få farge og grafisk design på veggane, forklarar Hjelle.

Andre etasje i Heradsheim er via til Måløyraidet. Ein får som besøkande eit innblikk i blant anna forhistoria, kamphandlinga og verknadane av hendingane 3. juledag 1941.

Tredje etasje er via Martin Linge, Linge-kompaniet, Shetlandsfarten og Måløy hamn. Her får ein blant anna historia om Martin Linge sitt liv frå barndom til han døydde.

– Vi vil forsøke å fortelje historia ved hjelp av tekst, bilete video, lukt og lyd. Vi har lyttepostar i andre og tredje etasje. Dette blir meir enn eit vanleg museum. Det blir eit krigshistorisk kunnskaps- og informasjonssentersenter, seier dei.

Rosar politikarane

I budsjettet for 2018 har vågsøypolitikarane sett av 1,5 millionar til å fullføre oppgraderinga av Heradsheim.

– Heradsheim har vore til bruk og nytte i 112 år. Det skulle etter planen rivast. Vi er stolte og glade for at vi gjennom å bruke huset både har tatt vare på krigshistoria og bygget som er historisk viktig i sentrum. Heradsheim er i seg sjølv ein viktig historieforteljar på lik line med andre bygg som Sør-Vågøy kirke, Skram skole og Turnhallen, seier Sølvberg.

– Heilt frå vi lanserte ideen om å bruke Heradsheim har vi hatt politikarane på laget. Politikarar, over fleire periodar, har sett moglegheitene dette senteret gir. Dei stilte huset til disposisjon og dei har løyvd pengane som har vore naudsynt, seier Hjelle og legg til:

– Det siste er at dei har gått inn og finansiert dei meirkostnadane vi har hatt grunna dårleg vedlikehald på bygget. Dei har vore rause og skjønt at dette er ei historie vi må ta vare på.