Inga Kristin Holvik Andal er aktuell med EP-en «Vår beste Bye». Ho vart intervjua i vår Fort sagt-spalte fredag 4. november:

Namn: Inga Kristin Holvik Andal Alder: 34 årAdresse: bur i Bergen, men kjem frå MåløySivilstatus: giftYrke: lærar, norskopplæring for vaksne innvandrararHobby: musikkAktuell med: spelar gitar, visper og syng i bandet Spark, som nyleg gav ut EP-en «Vår beste Bye» på Spotify og iTunes

– Kven er Spark? – Spark består av Kine Kringstad på vokal, melodika og vaskebrett, Katinka Alme på vokal, kontrabass og rhodes, Kaja Venge på vokal, klokkespel og vaskebrett og meg på vokal, gitar og visper.

– Korleis starta bandet? – Det er eigentleg ein ganske lang historie. Eg og Kine var på audition for å synge i Queen-koret til Åge Sten Nilsen. Vi fann tonen musikalsk og lagde ei vokalgruppe etter showet var over. Etter nokre år var det på tide å finne på noko nytt, men vi ville halde fram med å lage musikk. Og då starta vi bandet Spark, der systera til Kine blei med. Under ein jam var pappa med å spele kontrabass, og vi tenkte at det måtte vi berre ha med. Så då fann vi Katinka.

– Korleis kom ideen om ein EP med Erik Bye-låtar? – Det er vår første EP. Eg og Kine høyrde på forskjellig musikk og sende kvarandre tips. Eg hugsar ikkje kven som kom på å dele Erik Bye songar, men eg fekk ei sterk oppvakning då eg høyrde Vesle Jente medan eg sat og mata sonen min. Eg fekk eit sterkt forhold der og då. Eg følte eg ikkje hadde høyrd noko særleg på Erik Bye før, men mamma og pappa fortalde at dei pleidde å høyre mykje på det då vi var små. Så eg har vel høyrd musikken utan å ha registrert den. Så byrja vi å spele inn songane og arrangere dei slik at dei ville passe til oss. Han har så utruleg flotte viser og vakre tekstar.

– Og nyleg var det releasekonsert, der faren din Arne Andal også var med?– Ja, den var på Amalies Hage på Bergens offentlige bibliotek 22. oktober. Og pappa var med på releasekonserten. Det gjekk kjempefint! Det kom masse folk og vi fekk gode tilbakemeldingar. Det var utruleg kjekt og stor stas!

– Blir det meir musikk frå dykk framover? – Det tar lang tid å få spelt inn songane, for vi er mødrer med fulltidsjobb og fleire born. Men vi skal tilbake i studio i november og kanskje januar for å spele inn fleire songar. Draumen er ei heil plate med Erik Bye i vår utgåve.