Publikum let seg sjarmere då Eva & the Heartmaker entra scena i Samfunnshallen. – Eg følte vi fekk ein spesiell respons her, sa Eva Weel Skram etter konserten.

Trass i at Eva Weel Skram sin farfar kom frå Måløy, har ho til no berre vore på besøk i samband med spelejobbar. Etter konserten laurdag er ho allereie ynskja tilbake, og sjølv skryt ho av publikummet i Måløy.

Duoen og ekteparet i Eva & the Heartmaker formidla personlege historier til publikum, som både lo og tørka tårer gjennom konserten. Fleire sa at dette er den beste konsertopplevinga dei har hatt i Samfunnshallen nokon gong. begge

– Dette har vore så kjekt at eg ikkje har lyst til å avslutte. Håpar ingen av dykk skal rekke ei ferje!, sa artisten frå scena.

Ein innertiar

Weel Skram fortel at ho set pris på god respons frå publikum, og beskriv konserten i Måløy som ein innertiar.

– Eg følte eg kunne vere meg sjølv, og det er viktig for meg. Sjølv om eg skravla mykje var publikum heilt med, smiler ho.

I salen fekk duoen fram både latter, tårer og allsong.

Urpremiere og ny plate

Gjennom konserten fekk dei 170 publikummarane høyre både hits, personlege historier og jodling. Weel Skram legg ikkje skjul på at ho synest det er ekstra stas med konsertar på Vestlandet.

– Folk har fått med seg kor eg kjem ifrå, og då er det veldig stas å spele på Vestlandet, påpeiker artisten.

Ho trur at låtane hennar på nynorsk gjer at ho kjenner ekstra på det.

– Eg føler det er ein heilt annan og meir personleg kommunikasjon med publikum når ein syng på eige språk og eiga dialekt, seier Weel Skram.

No har duoen bestemt seg for å produsere plate på norsk. I tillegg har dei skrive musikk til NRK sin nye julekalender, og dei gav like gjerne salen ei førpremiere på ein av songane.

Ein av dei beste nokon gong

Dagleg leiar i Nordfjordhallen, Ronny Silden Totland, beskriv konserten som ein av dei beste nokon sinne.

– Dette må vere ein av dei beste sidan eg tok over i 2010! Vi er berre nøydde til å få ho tilbake, seier han. Han legg til at det har vore litt opp og ned i haust, men understrekar at det ikkje alltid kan vere fulle hus.

– No ser eg særleg fram til Vamp, og Harlem Voices som skal få oss i gospelstemning.