I dag gjekk UKM (Ung Kultur Møtast) i Eid av stabelen, og 28 deltakarar fekk vise seg fram for 150 publikummarar i Operahuset på Nordfjordeid. Med innslag som song, dans, fiolin- og pianospeling og kunstutstilling er rektor Dan Aasebø fornøgd med årets arrangement.

- I år er det ei jamn fordeling og mykje variasjon, og det er kjekt!, påpeiker han.

Aasebø legg til at han gjerne skulle sett fleire deltakarar på scena.

- Det har vore litt færre påmelde i år, men det skuldast nok alt det andre som skjer her på Eid, fortel han.

Han forklarar at elevane på både ungdomsskulen og vidaregåande held på å øve til musikalar, og i tillegg har det nettopp vore russerevy.

- Ting krev sitt, og ungdommane i Eid er ganske opptatt, smiler Aasebø, som likevel har trua på fleire påmelde til neste år.

Av dei 28 deltakarane var det desse juryen valde å sende vidare til fylkesmønstringa:

  • Szymon Matusiak - piano.

  • Nephente - song og gitar.

  • Sara Frislid - drill.

  • Jackbow - rockeband.

  • Ida Bredesen og Tuva Nyhammer-Taklo - dans.

  • Marshalena Antony - utstilling av måleri.

Sjå bileta frå arrangementet øvst, og les meir om UKM i tysdagsavisa.