Det har vore motgang og uføresette problem, men om tre veker har endeleg det storslegne vandreteateret Der båra bryt premiere.

– Det vil bli ei stor oppleving om det regnar og bles også, men eg håpar på opphaldsvêr, seier Reidun Øvrebotten, leiar i Bremanger kulturlag som arrangerer teateret på Grotlesanden.

Det skal likevel mykje til for at førestillinga vert avlyst.– Stykket er jo produsert med tanke på vêret, både lys og lyd. Vêret er del av opplevinga og folk må kle seg etter forholda. Når det er sagt er det ofte fint 1. mai-helga, smiler ho.

Endeleg i rute

Etter at ein mista både ein av manusforfattarane og den planlagde hovudrolleinnehavaren i stykket, Thea Hjelmeland, måtte kulturlaget tenke nytt.

– Thea skulle jo vere solist, ho var sjølve kvinna, brura i stykket, ein sentral person. Men vi har fått ei flott, og ikkje minst, lokal erstatning i Martine Røys Nesbakk som den unge brura og Monica Liseth Hauge som den gamle brura. Og Trond Strand gjer også ein flott prestasjon som presten.

Mange skifte i kvelden

Vandreteateret er ei spesiell form der publikum blir del av scenografi og handling meir enn i vanleg teater. Framsyninga startar ved servicebygget på Grotlesanden og beveger seg så bortover sanden mot den gamle kyrkjegarden på Grotle.

– Spelet varer i to timar, og skjer over fleire stader på sanden, seier ho, og fortel at i ei vik der det er eit naturleg amfi for publikum vil scena bli bygd med pirar ut til skjera rundt.

– Det kjem til å bli ei utruleg stemning, i mørket, med god lyssetting. Etter spelet er det etterpålag med mat og drikke.– Inspirert av «på kirkebakken» sit vi med mat og drikke på scenekant og berg, med folk som bidreg på ulike måtar.

Øvrebotten håpar folk no skundar seg å skaffe billett.

– Og det er viktig å få med seg at publikum må parkere på Hauge og ta bussar ut til sanden. Billettprisen inkluderer denne bussturen, i tillegg til sjølve framsyninga, samt mat og drikke, forklarer ho. Det er cirka 500 plassar på kvar av dei to framsyningane.