Vågsøy har gått frå å ha null til fire læreplassar for kokkelærlingar. Bente Iren Vonheim ser gjerne at fleire bedrifter tilbyr plass.

Ho fortel at det både er kjekt og lærerikt å ta inn lærlingar i bedrifta.

– Ein lærer også mykje av ungdommane. Eg meiner det er ei samfunnsplikt som bedrift å ta inn lærlingar og lære dei opp innan faget.

Dei som tar i mot kokkelærlingar i Vågsøy kommune er Kraftstasjonen og kommunen sjølv som har ein lærling.

– Endeleg har vi fått utdanna ein lærling i Vågsøy kommune, som jo har kokkeskule, fortel Vonheim begeistra.

Ho håpar trenden snur og at endå fleire bedrifter med faglærte kokkar tek imot ungdommane som ynskjer å ta fagbrev som kokk.