Med nymåla klokketårn på det nye kapellet ringer Atelier Amdam inn ein sommar som har både utstillingar og messer.

Nyleg var det halde opning av det nye klokketårnet ved Atelier Amdam i Selje. Kunstnar Kjell Stig Amdam driv galleriet og fortel at det skal vere messe i det tilhøyrande St. Mikaels kapell allereie komande sundag 3. juli.

– Framover vil vi prøve å halde messe når det ikkje er gudsteneste eller andre ting i kyrkja, seier han.

På tide med tårn

Det er arkitektstudenten Aksel Stave Ervik som står bak både teikning og bygging av klokketårnet. Amdam fortel at klokka har vore i familien lenge.

– Den høyrer til familien, og det var på tide at den fekk sitt eige tårn, seier han.

Krossen på toppen av tårnet er måla i gull, noko som også går igjen i kunsten til Amdam sjølv.

– Eg brukar mykje gull i måleria mine, og det er også vanleg å bruke gull i den ortodokse kyrkja, påpeiker kunstnaren.

– Ei oppleving å besøke

I samband med opninga, opna også ikonutstillinga til Rigmor Amundsen. Ifølgje Amdam byr utstillinga til dømes på måleri av St. Sunniva i ulike utgåver, og Amdam seier at dei besøkande har vore svært positive.

– Alle eg har prata med seier at det er ei oppleving å besøke atelieret, seier Amdam.

Han legg til at han mellom andre har hatt besøk frå både Kirkenes og Trondheim, Raudeberg og Åndalsnes.

Handplukka utstillarar

I alt er det fem kunstnarar som har sommarutstilling på atelieret, alle handplukka av Amdam sjølv.

– Dette er dei som kler huset aller best, og vi samarbeider godt i lag, understrekar han.

Amdam trekk særleg fram Ingunn Dahlin sin kunst, og fortel at ho har fått ein veldig varm velkomst av dei besøkande.

– Dahlin har hatt utstilling her før og er ei stjerne for atelieret. Ho har eit stort publikum, fortel kunstnaren.

Han legg til at Dahlin si utstilling på galleriet no har over femti verk.

I tillegg til utstilling og gudstenester, skal det også skje andre ting på atelieret i løpet av sommaren. Snart skal det vere eit føredrag om ikon, og i august skal Ola B. Johannesen ha ei førestilling der han skal lese Terje Vigen.