Den smale vegen ungane syklar på i eine boka til Anne Helene Borgund er henta frå hennar eigen oppvekst på Stadlandet.

–Eg får ofte spørsmålet om historiene i bøkene mine er inspirert av eigen oppvekst og av ting eg sjølv har opplevd. Svaret på spørsmålet er at bøkene er blitt til ved at eg har henta inspirasjon frå ulike stader, seier forfattaren og held fram:

– Eg har skrive det ned i ei notatblokk eg har hatt liggande i skrivebordsskuffa etter kvart som eg har hugsa på det eller opplevd det. Så har eg sett det saman. Eg kan ikkje seie at handlinga er henta frå eigen barndom, men ein kan heilt klart finne brotstykke. Og det tydelegaste minnet mitt frå barndomen som ein finn att i bøkene, er den smale vegen vi sykla på frå Borgund innover mot Leikanger. Men handlinga er ikkje lagt dit, fortel 50-åringen.

Anne Helene har veksla mellom å sitje på biblioteket i Operahuset og heime i kjellarstova når ho har jobba med bøkene sine. Målforma er nynorsk og i vår kom den tredje boka hennar, «Magenta – sikkert ok».

I vår gav ho ut si tredje bok, alle på Publica forlag i Sandnes. Målgruppa er born og unge i pubertetsalderen. Borgund vaks sjølv opp i bygda Borgund, seks kilometer utanfor Leikanger. I grenda budde det på den tid fleire born i ulike aldrar. Alle leika saman sjølv om det var aldersskilnad. Ho fortel at gneisten for skriving vart tent allereie då ho var elev på Stadlandet skule.

– Eg hadde fleire lærarar der som heia på meg og oppmoda meg om å skrive. Men det gjekk lang tid før eg tok tekstane ut av skuffa, seier Anne Helene.Ho var 46 år då den første boka «Tuva» kom ut i 2012.

– Den handlar om ei jente som skifter miljø. Det er om relasjonar til vener, om å vekse opp. Eg har flytta sjølv nokre gonger, og gjort meg erfaringar.

– Den andre boka, «Bobler i Farris», kom i 2014. Guten Per er hovudperson. Handlinga er om forholdet til kompisar, og han kastar auga på ei jente i nabolaget. Per diskuterer med seg sjølv, kompisane og foreldre, og finn sin eigen veg.

Tematikken å finne sin eigen identitet, å finne seg sjølv, går att i alle bøkene. Også årets utgjeving, «Magenta – sikkert ok», handlar om å finne sin veg i livet.

– Hovudpersonen er Kikki. Denne boka er skriven på ein litt annan måte, ved at språket vekslar mellom at eg fortel og at Kikki snakkar gjennom dagboka, seier Anne Helene Borgund.

– Alle har noko dei er god til, det gjeld å finne ut kva, seier Anne Helene om tematikken i bøkene.

Ho er lærar i 60 prosent stilling ved Vaksenopplæringa på Eid ved sidan av å vere forfattar. Ho veit ikkje om ho kan leve av å vere forfattar på heiltid.

– Eg jobbar ikkje med noko ny bok. Du kan ikkje berre setje deg ned og bestemme deg for å skrive ei bok. Det går ikkje. Historia må kome etter kvart. Eg veit ikkje ein gong om eg kjem til å gje ut fleire bøker, om eg kan leve av å vere forfattar ein gong i framtida.

Borgund reiste til Firda vidaregåande etter fullført skulegang på Stadlandet. Ferda gjekk vidare til lærarutdanning i Volda, og lærarjobbar i Eidsdal, Gursken og på Bømlo, før ho og mannen Trygve Dyrvik frå Hardanger hamna på Eid i 1999. Der har dei fått borna Sunniva (11) og Eivind (13).

– Eg hadde eit ynskje om å flytte tilbake til Nordfjord, i nærleiken av Stad. Grunnen til at det vart Eid, var at det var her vi fekk jobb, fortel Borgund.

Ho jobba fleire år i barneskulen i Eid kommune før ho gjekk over til vaksenopplæring. Talentet for skriving trur ho kjem frå morssida i Syvde.

– Der har vore nokre på mamma si side som mellom anna dreiv med dikting.

Borgund sine bøker er å få kjøpt i bokhandlar og nettbokhandlar, samt i Gamlebanken og på Frivillegsentralen på Eid.