Det fortel frontfigur i The Dogs, Kristopher Schau. Det kjende norske bandet var å sjå på Malakoff Rockfestival i 2015, og deretter med klubbkonsert og pop up-konsert under festivalen 2016. Laurdag 1. april kjem The Dogs tilbake for å spele på Gymmen.

– Eg tykkjer vi er der heile tida, ler Schau og fortset:

– Førre gong vi var på Eid budde vi der i tre-fire dagar og gjorde ferdig det siste albumet vårt, Death by drowning. Det var veldig kjekt, og det gjer noko med oss å vere på Gymmen.

– Så vi har med oss Gymmen over i neste album, som kjem første måndagen på nyåret.

Med nytt album i 2018, ser ikkje Schau vekk frå at The Dogs returnerer til Eid også neste år.

– Ja, ja, ja! Er du gæren! Vi har hatt det gøy på Eid. Vi trudde Gymmen skulle ramle saman førre gong. Det var utruleg kjekt, seier Schau som gler seg til å kome tilbake att.