Namn: Kariann Myklebust Fagerli

Alder: 39 år

Bustad: BarmenPerla

Sivilstand: gift

Yrke: lærar ved Selje skule

– Kva har du gjort i sommar?

– I sommar har eg og familien vore litt rundt omkring. Ei fin blanding av heime og ute-sommar er heilt toppers.

– Kva er ditt favorittreisemål?

– Eg er veldig glad i Nordfjord. Ein treng ikkje reise så langt for å sjå noko nytt. Du må berre ta på deg turistbrillene så ser du heimstaden din på ein ny måte.

– Kven beundrar du?

– Mora mi! Ho er ei tøff sunnfjordtaus som har godt humør og stå-på-vilje.

– Kva er ditt beste sommarminne?

– Somrane då eg var lita. Syskenborna mine vart sendt på «feriekoloni» hit til Barmen frå Sogn og Bergen. Det var to månadar med evig solskinn, fisking, jaging av sau, bading, fjellturar og rampestrekar.

– Kva song skulle du ønske du hadde skrive?

The moon is harsh mistress av Jimmy Webb, framført av Radka Toneff og Steve Dobrogosz. Men, den har veldig dårleg allsongfaktor, så eg må kanskje svare Summer of 69.

– Har du ein hobby?

– Vi driv ein gard på Barmen der vi har sau, så det må kanskje kallast ein hobby. Når sauen ikkje tek tida, så vert det mykje lesing, musikk og å sjå seriar.

– Kva står på di framside av Fjordenes Tidende?

– Zlatan kjem til Selje Cup!

– Kva les du i lokalavisa?

– Det meste. Det er viktig å halde seg oppdatert på kva som skjer i området.

– Kven vil du gi ein bamseklem?

– Ungdomen i Selje som er utruleg flotte folk.

– Kva er din største draum?

– Eg er kanskje litt for optimistisk no, men hadde vore kjekt om Charlton vann Premier League. Skal ein sjå etter litt større draumar, så må det nok bli at verda vert ein fredeleg stad for alle.

– Kva er du mest stolt over med heimstaden din?

– Naturen og samhaldet.