Midt under konserten til CC Cowboys på Malakoff Rockfestival lørdag, fridde Morten Flydahl til sin kjære Sofie Gyldenås Olsen.

Under songen Kanskje du behøver noen fridde Morten til Sofie, og framfor over fleire tusen mennekser svarte den helt uvitande jenta ja.

– Dette var den lengste konserten som eg nokon sinne har vore med på, seier ein veldig førnøgd Morten til Fjordenes Tidende.

Han har skjult forlovingsringen i reservedekket i tre veker. Med god hjelp frå vaktene og dei frivillige i Rockestæsj, fekk Morten smugla inn plakatar med si kjærleikserklæring på.

– Eg vil takke alle som har hjelpt meg å få til dette. Å kunne fri til Sofie under akkurat den songen, betyr mykje, for den ser vi på som «vår» song, fortel Morten.

Under konserten fekk Sofie beskjed om at Morten berre skulle på do. Når han kom tilbake gjekk han rett forbi ho.

– Eg trudde han ikkje såg meg, så eg prikka han på skuldra og då snudde han seg og gjekk ned på kne, plutseleg flytta folk seg vekk så vi fekk plass, smilar Sofie som har fått ei oppleving ho aldri hadde trudd.

Paret frå Isfjorden har vore i lag sidan 2009 og ser for seg eit bryllaup allereie neste år.

Her ser du videoen frå frieriet som brudgommen sjølv har lagt på YouTube:

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende