Blant tropisk klima og bibelske tekstar har Svend Trygve Svendsen funne seg til rette på Sri Lanka.

– Eg trivast veldig godt, fortel Svend Trygve Svendsen.

Svend Trygve kom til Sri Lanka først i 2000 og busette seg nokre år seinare.

38-åringen kjem opphavleg frå Fiskå i Vanylven, men lev no livet på den tropiske øynasjonen heilt nord i Indiahavet med familie og jobb i trykkeri som lagar biblar og kristne tekstar.

– Det som drog meg var eit indre ønske om å jobbe for Gud, fortel Svendsen på spørsmålet om kva som gjorde at han flytta til Sri Lanka.

Nye inntrykk

Det heile starta med at Svend Trygve kom i kontakt med formannen for trykkeriet New Life Literature i Katunayake på Sri Lanka og reiste ned i 2000.

I tillegg til biblar blir det også trykt kristne tekstar i trykkeriet.

– Den første gongen eg kom der var ei spesiell oppleving. Eg hadde vore i Sør-Amerika og reiste mange andre stader i verda, men denne delen av Asia var ny og annleis. Kultur, språk, mat, kle, vêr, reisemåtar, ja, alt var annleis.

Svend Trygve blei verande ei stund for å finne ut om dette kunne vere noko han ville satse på. Som 25-åring i 2003 tok han steget og flytta dit permanent.

– Eg såg at ting la seg til rette, noko som eg tok som eit teikn på at dette var riktig, fortel Svendsen.

Biblar på fleire språk

Blant 60 tilsette ved trykkeriet er Svend Trygve ansvarleg for IT og innkjøp.

New Life Literature har 60 tilsette og trykker biblar og kristne skrifter på fleire språk.

– Eg tek hand om alt som har med IT, innkjøp, maskindelar og utanlandskorrespondanse, fortel Svendsen.

I tillegg hjelp han også nordmenn som kjem til Sri Lanka. For han er den kristne trua drivkrafta.

– Eg hadde ikkje gjort dette hadde det ikkje vore for at eg trur på Jesus, som er drivkrafta for at eg er engasjert i dette arbeidet. For meg er nok dette eit livsengasjement, seier Svendsen, som meiner at dei som delar hans tru må få ein bibel på sitt språk.

Svend Trygve jobbar som IT-ansvarleg i trykkeriet.

Trykkeriet New Life Literature trykkjer biblar hovudsakleg på kinesisk og arabisk, samt Markusevangeliet på 15 ulike indiske språk. I 2016 har dei også trykt biblar og nytestament på thailandsk. Biblane trykt på kinesisk går til dømes til Kina gjennom eit naboland på grunn av strenge reglar når det gjeld religionsutøving.

Lærde språket

12 kilometer frå trykkeriet har Svend Trygve busett seg med familien i byen Negombo med 121.000 innbyggjarar. Dei tre første åra han budde på Sri Lanka var han singel, men i 2006 gifta han seg med Roshini og fekk barn. Dette gjorde at han lærte seg det singalesiske språket.

Biblane og dei kristne tekstane blir trykt på ulike språk.

– Eg fekk ei heilt anna forståing for kulturen, landet og folket. Ein får også enklare innpass og aksept blant dei lokale, ifølgje Svendsen.

Han meiner at den største skilnaden mellom nordmenn og singalesarar er måten å tenke på, og gir følgjande eksempel:

– Kjensler kan lett ta overhand, og så har reglar i trafikken har ein tendens til å bli ignorert, smiler han.

Ei anna forståing av punktlegheit er ein annan ting.

– Ein kjem når ein kjem, seier Svendsen.

Svend Trygve ser ikkje for seg at han og familien kjem til å flytte frå Sri Lanka med det første.

Når han ikkje arbeider likar han å tilbringe tid med familien. Om han skulle sakne Norge, så hjelp årlege besøk på.

– Eg reiser til Norge kvart år no for å treffe dei som støtter arbeidet og familie. Og så får vi besøk frå Norge eit par gongar i året, av foreldre, søsken og andre, fortel Svendsen.

Han trur ikkje at dei kjem til å flytte til Norge med det første.

– Det blir nok Sri Lanka ein del år, avsluttar han.