Laurdag samla Bremanger musikklag 520 publikummarar i Bremangerhallen. Der fekk dei vist at dei har mange strengar å spele på.

ABBA, Country og musikk frå 70-talet sto på programmet når Bremanger musikklag skulle feire sine første 20 år, og korpset som har fylt Grieghallen i Bergen tre gongar, overbeviste også på heimebane.

– Vi har fått så utruleg mange gode tilbakemeldingar. Det var god stemning i salen og på scena, så no har vi fått mykje motivasjon som vi kan bruke fram til neste jubileum, seier Anne Kristoffersen i musikklaget.

Etter konserten, som vart leia av konfransier Ingvild Bryn, var det mat og dans med Spik Abel.

Du kan sjå fleire bilete frå konserten øvst i saka, og du kan lese meir om arrangementet i Fjordenes Tidende tysdag.