Laurdag 4. juni skal 13 korps og eitt kor ha karnevalstog og konsert i Måløy sentrum under årets Stormfestival.

Det er niande gongen at Torskangerpoll Musikklag arrangerer denne uvanlege korps- og korfestivalen.

– 13 korps og eitt kor er påmeldt festivalen. Rundt 300 musikarar og songarar frå ulike deler av Sør-Norge kjem til Måløy for å ha det moro i tre dagar, seier leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.Festivalen startar fredag med arrangement for festivaldeltakarane i Samfunnshallen.

Karneval

Laurdag blir den store utedagen då deltakarane skal gje publikum musikk og godt humør.

Alle stiller opp i fargerike kostyme og underheld ulike stadar i Måløy sentrum, før dei endar opp på Torget der alle deltakarane skal ha kvar si avdeling.

Deler av sentrum av Måløy blir stengt for trafikk i ei periode på laurdag føremiddag.

– Vi håpar publikum møter opp. Vi trur det kan bli eit flott syn og god underhaldning, og ikkje minst mange spenstige innslag, seier Wåge.

Skal vere kjekt

Stormfestival er eit sosialt treff for folk i korps og kor.

– Her er det ikkje spele- eller prestasjonspress. Her skal folk ha det kjekt, oppleve flott natur, treffe andre med same hobby og få servert mykje god mat, seier Wåge.

Fleire av deltakarane har vore her før. Aktørane kjem frå Møre og Romsdal, Hordaland, Oppland og Sogn og Fjordane. Blant anna kjem eit av verdas beste musikkorps, Manger Musikklag, og blir med på festivalen.

Rorbufest

Eit av høgdepunkta for deltakarane er rorbufesten i Torskangerpoll laurdag ettermiddag. Her får dei lett underhaldning, stormsuppe og tørrsild. Her blir det også ein uformell stafett mellom korpsa, og i det spesielle rorbumiljøet brukar folk å like seg.

Denne ettermiddagen blir vegen mellom Oppedal og Vågsvåg stengd i periodar på grunn av dette arrangementet.

– Bortsett frå sjuke- og naudtransport blir det ikkje muleg å passere Torskangerpoll når dette arrangementet blir gjennomført. Statens vegvesen har gjeve oss løyve til dette, og dei som bur i området er informert, seier Wåge.