Også i år har Nye Bremanger teke initiativ til å arrangere sommarleir for barn dei første to vekene etter skuleslutt.

I år er det Bremanger Idrettslag som har ansvar for heile opplegget.

– Vi startar med ei gruppe i veke 26 og ei ny gruppe i veke 27, fortel Anne Kristin Førde.

Planen er å bruke nærmiljøanlegget i Bjørsvika på Hauge som base. Leiren er open frå morgon til ettermiddag og tinga ein kan gjere på står i kø.

– Av planlagde aktivitetar kan vi nemne fiskturar med lokale båtar, fjellturar, bading på Grotlesanden, kanskje får vi besøk av redningsskøyta og brannbilen. Det vert sjølvsagt mykje leik og moro i det flotte nærmiljøanlegget og området rundt, seier Førde som forklarer at det er omtrent same opplegget som i 2014, men med litt endringar på aktivitetane.

– Men det er viktig at barna som skal vere med er klar over at dette er ei aktivitetsveke med ulike friluftsaktivitetar, og mottoet er ut på tur, aldri sur, seier Førde- Sommarleiren er open for born frå 1. til og med 7. klasse.

– Vi har mange påmelde, men framleis nokre få plassar i veke 26 og litt fleire i veke 27. Så er der nokon som vil delta er det berre å ta kontakt.