Tor Grindland frå Søgne, som for tida vikarierer som prest i både Bremanger og Vågsøy, har veksla mellom forretningskarriere og prestegjerning.

Då han nyleg følte trongen til å vere prest igjen etter 20 år i næringslivet, ringde han ein ven, prost i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum, og spurte om han visste om nokre jobbar.

No er han på plass i Davik prestegard saman med kona Karen Askvik, og vikarierer i Bremanger og Vågsøy. Når den ledige soknepreststillinga for indre Bremanger (sokna Davik, Rugsund, Ålfoten og Midtgulen) blir lyst ut kjem han også til å søke den.

– Vi har treft mange hyggelege folk, og vi har blitt med i Bremanger kammerkor.

Han er også imponert over kyrkjene i kommunen. Bremanger har nemleg heile åtte kyrkjer fordelt på sju sokn.

Grindland er også utdanna lærar, har jobba som familierådgjevar og organistvikar.