Namn:Marius Sjåstad Kongsvoll
Alder:26 år
Sivilstatus:kjærast
Bustad:Stadlandet
Yrke:lærar

- Kva er du mest oppteken av?

- At alle rundt meg skal ha det bra, og at alle blir behandla med respekt uansett hudfarge, religion, legning og handikap. Vi har ingen grunn eller rett til å ikkje inkludere alle i samfunnet.

- Kva gjer du på fritida?

- Går turar med hunden min, Tico. Så likar eg godt å spele gitar og synge, i tillegg til at det aldri er feil å sjå ein fotballkamp eller tre på fjernsyn saman med gode kompisar.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar veslesøstra mi, Bjørg-Elise. Ho er det absolutt største forbildet mitt her i livet. Ho har Downs Syndrom, og vi har alle mykje å lære av sånne som ho, mellom anna det å setje pris på små kvardagslege ting som vi til vanleg ikkje tenkjer så mykje over. Ho har ein humor og eit humør som er smittande og uerstatteleg!

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Folket og naturen. Vi kan alltid spørje ein nabo eller ein ven om hjelp dersom det skulle trengst. I tillegg er dugnadsånda i kommunen heilt i særklasse. Naturen er rå og unik, enkelt og greitt.

- Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

- Dei tre skulane i Selje Kommune er freda til evig tid.

- Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

- Vanskeleg spørsmål. Hadde kanskje teke turen til dei store bedriftene i kommunen og sett på arbeidet dei gjer og skrytt litt til leiarane for at dei sikrar arbeid og tilbod til folket som bur her.

- Kva kulturoppleving huskar du best?

- Konserten med Bon Jovi for nokre år sidan. Eit minne for livet.

- Kva har du på nattbordet?

- Vekkarklokke, lampe, mobil og bladet illustrert vitenskap.

- Kva nettstadar er du innom i laupet av ein dag?

- Forskjellige typer nettaviser, Mail og Facebook. Eg ofrar stundom litt tid til yr.no, men sjeldan i håp om gledeleg lesnad.

- Kva er meininga med livet?

- Å glede andre menneske.