Kystpilegrimsleia vert lansert med kulturhistorisk seglas i juli. Kysteventyret startar med MS Nordstjernen 23.–28. juli i år. Då seglar det freda hurtigruteskipet heile vestlandskysten – Kystpilegrimsleia – frå Stavanger til Nidaros. Dette skriv Sogn og Fjordane Fylkeskommune på sine heimesider.

Kystpilegrimsleia langs vestlandskysten var ei av dei viktigaste og mest brukte pilegrimsrutene til Nidaros. Leia er nemnt i skriftkjelder tilbake til 1000-talet og har potensial til å bli eit stort trekkplaster for både reiseliv og lokale brukarar. Fylkeskommunane og bispedøma langs leia har gått saman om prosjektet Kystpilegrimsleia, og det er dette som no skal lanserast.

Viser fram kulturstadarMS Nordstjernen skal vise fram dei vakraste kulturstadane langs vestlandskysten og frakte dei reisande gjennom eit storslått fjordlandskap. På øya Selja i Selje kommune vil riksantikvar Jørn Holme høgtideleg markere sjølve lanseringa av Kystpilegrimsleia 26. juli.

Seglasen startar tre dagar tidlegare – med besøk i Stavanger domkyrkje 23. juli. Derifrå går turen gjennom små og større kystsamfunn gjennom fem fylke og fire bispedøme, før pilegrimane kjem fram til Trondheim og Olavsvaka i Nidarosdomen seks dagar seinare.

Sjå heile programmet her.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende