Nord-Vågsøy kulturhus får 1,5 millionar kroner frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Midlene frå hovudutvalet for kultur blei fordelt i dag, tirsdag 25. august.

Til saman blei nesten fire millionar kroner fordelt til ni ulike kulturbygg i fylket.

Nord-Vågsøy kulturhus fekk den største tildelinga.

Svelgen samfunnshus fekk 343.000 kroner.

Pengane er del av spelemidlane, som er delar av overskotet frå Norsk Tipping. Det er Kulturdepartementet som årleg løyver ein viss sum til kvart fylke. Fylkeskommunane har så ansvaret for å fordele denne løyvinga til søkjarar i fylka.

Det kom i år inn til saman 15 søknadar i Sogn og Fjordane, seks fleire enn i 2014, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Dei andre som får tilskot er:

• Feios ungdomshus: 581.000 kroner

• Naustdal barne- og ungdomsskule, kulturhusfunksjonar: 430.000 kroner

• Flora samfunnshus: 415.000 kroner

• Ungdomshuset Leikvang: 257.000 kroner

• Viking ungdomshus: 235.000 kroner

• Holmedal bygdehus: 106.000 kroner

• Hennebygda samfunnshus: 103.000 kroner