Måløydagene har 40-årsjubileum og inviterer til jubileumsfest med blant andre Heine Totland, lokale talent, barneaktivitetar og mykje show.

Årets Måløydager blir arrangert 24.–26. juni. Som tidlegare år blir delar av Gate 1 og Sjøgata stengt, og komiteen håpar å tilby aktivitetar som passar for dei aller minste, så vel som dei aller eldste.

– Intensjonen, i tillegg til sal av varer, er å vise fram kva Måløy har å tilby for å auke trivselen blant både lokalbefolkninga og tilreisande, og å lage eit positivt sosialt fellesskap og ein god møteplass, forklarar Jørgensen.

Rock and roll

Fredagen blir det eit stort jubileumsshow med Gaute Ormåsen, Christian Ingebrigtsen, The Whole Shebang og fleire lokale talent.

– Det blir eit fantastisk jubileumsshow. Dette er noko heilt nytt, som vi aldri har gjort under Måløydagene tidlegare, og vi gler oss.

I festivalteltet har det vore tradisjon at Måløy Musikklag har hatt eit show laurdagskveld.

– Dessverre vart det ikkje mogleg for dei å gjennomføre dette i år, men vi har skaffa ei fantastisk erstatning i Heine Totlands Sensational Rock and Roll Circus. Dei er eit fyrverkeri av ei gruppe, som garantert vil lage topp stemning, seier Jørgensen.

I tillegg vil the Voice-finalist Elisabet Kristensen bli å sjå på scena.

Sporty og tradisjonsrikt

I tillegg til musikk og show blir det frisbeeshow på Torget og disc golfturnering på Moldøen med heile 52 påmelde, der blant andre danske Karl Johan «KJ» Nybo, som er ein av verdas beste discgolfarar, kjem.

– Vi håpar vi har litt for alle. Vi held også på nokre tradisjonar, så det blir paradetog gjennom gata med premiering for beste kostyme. Dette er noko vi har satsa ekstra på i år. I tillegg blir det seniordans, mange aktivitetar for barn og utegudsteneste, fortel Jørgensen.