Rundt Mont Blanc, gjennom tre land og stigningar på totalt 10.000 høgdemeter. Målet er å klare fjelløpet på under 30 timar.

For å delta i det 170 kilometer lange terrengløpet rundt fjellmassivet Mont Blanc, må ein nemleg samle poeng ved å gjennomføre fleire sertifiserte kvalifiseringsløp i terreng og fjell.

– Ein må ha sprunge minst tre slike store løp. Det er for å sikre at løparane er tilstrekkeleg førebudde. Ein brukar eit par år på å sanke poeng før ein søker, så heile prosessen tar gjerne 3–5 år, forklarar Kragset, som til dømes sanka poeng ved å springe eit 80 kilometers terrengløp i Chamonix i Frankrike to år på rad.

– Om ein skal få ei forståing for kor langt det er så kan ein tenke seg at ein skal springe opp og ned til Skålatårnet frå Loen seks gongar på rad, og inn i mellom der springe to maraton.

– Mange seier «gratulerer med løpet» når ein kjem inn for at det er så vanskeleg å kome med. Poenget for meg er å springe løpet.

I år er han ein av tre nordmenn av totalt ti søkarar som får delta. Totalt er det cirka 2.300 personar som spring UTMB, rundt halvparten av alle dei som søker kvart år.

– Dette er eitt av dei største ultraløpa, seier Kragset og forklarar at det eigentleg er ei turløype som folk frå heile verda kjem for å gå.– Ein overnattar og brukar gjerne seks dagar, seier han.

Målet til Kragset er å klare det på under 30 timar.

– Dei raskaste brukar eit par og tjue timar. 44–46 timar er maks – då kuttar dei. Det er checkpoint som på «Birken», seier Kragset, som spring så mykje som mogleg i terreng for å trene seg opp.Mellom tre og seks timar spring han på fjellet, annan kvar dag.

Ayrybaba: Kragset har gått på cirka 110 nasjonstoppar verda over. Her er han på Ayrybaba (3.137 moh.) i Turkmenistan i 2003 i lag med den lokale vegvisaren Anvar.

– Eg har begynt å bli så gamal. Eg treng ein dag å kvile på, seier 56-åringen, som delar lidenskapen for fjell og løp i fjellterreng med kjærasten Sissel Smaller.

Ho har hus i Chamonix, og mange av treningsturane blir derfor lagt til Alpane. Smaller sprang UTMB i fjor, men kom ikkje med i år. Men Kragset spring også på fjellet i Norge.

Elbrus: Kragset har gått på seks av dei sju høgste fjella på dei sju kontinent, omtala som Seven Summits. Her er han på Europas høgste, Elbrus (5.642 moh.) i Russland i 2000.

– Det er nesten ikkje til å halde ut, ler Kragset og fortset:

– Dei fleste brukte mellom 15–20 timar. Ein startar klokka 11 på kvelden og spring om natta, seier han.

– Korleis førebur ein seg til slike løp?

– Ein må ha godt lys. Og vere glad i å springe, smiler Kragset.

Dei raskaste brukte 12–13 timar og dei seinaste 26 timar. Kragset brukte 18 timar. Denne helga ventar Ultra-trail du Mont-Blanc. Det betyr 170 kilometer rundt fjellmassivet Mont Blanc, 10.000 høgdemeter som skal forserast, i skodde, regn, snø eller sol. Ei utfordring for både fysikk og psyke.

– For meg blir det tyngst nedover, seier fjelløparen.