– Eg synst det vart ein veldig fin konsert, med eit godt oppmøte, samanfattar soknerådsleiar Fredrik Hovden Borgund etter konserten søndag.

På konserten deltok Stadlandet gospelkor, Stadlandet Skulemusikk, Drops, barnekoret, Stadt Soul Children, Maria Bjørkavoll, Marita Bødal Nybakk og fleire lokale solistar.

– Det er eit flott musikalsk miljø med songarar med store stemmer og dyktige musikarar her. I tillegg har vi organist John Inge Sigerland, som har hatt det musikalske ansvaret og som har gjort ein fantastisk jobb med å sy saman programmet, understrekar Hovden Borgund.

Sjølv synst han det er vanskeleg å skulle velje ut eit høgdepunkt, men eitt innslag merka seg ut.

– Håkon Stave song Himmel på jord saman med skulemusikken. Det var verkeleg ei flott oppleving. I tillegg har vi har fått installert nye dimmarar på lyskronene, så vi kan dempe lyset. Eg er sikker på at alle reiste heim med ein god dose julestemning, seier Hovden Borgund.