For femte år på rad arrangerer Måløy Treningssenter motbakke- og gateløp for å samle inn pengar til Kreftforeninga.

– Vi ønskjer å sjå endå fleire i rosa kle på veg mot Veten, gjennom gatene i sentrum eller som deltakarar i aktivitetar på Torget, seier Torill E. Tennebø, som er med på å arrangere aktivitetane som skal gå føre seg laurdag.

– Dei aller fleste av oss har dessverre eit forhold til kreft. For Kreftforeninga og lokallaget er det viktig å bruke denne dagen til å kome ut og informere om kva tilbod ein har både nasjonalt og lokalt, seier Tennebø, og legg til:

– Fokuset denne dagen er på at folk er ute og gjer noko kjekt i lag. For treningssenteret er det sjølvsagt også viktig å motivere til fysisk aktivitet.

Tennebø understrekar at dei har lagt opp til at alle kan ta del i aktivitetane denne dagen.

– Vi har konkurranse- og mosjonsløp til Veten, og så har vi gateløpet som alle kan ta del i. Men det går heilt fint å kome på Torget, kjøpe seg eit startband og drikke kaffi òg, smiler ho.

På Torget blir det premieutdeling, sal av diverse rosa freistingar og leikeområde for ungar, og Tennebø håper ein vil farge sentrum rosa.

I fjor vart det samla inn 38.175 kroner til Rosa Sløyfe Aksjonen. Dette var ifølge Tennebø eit veldig bra år.

– Mykje av inntektene kjem frå lokale bedrifter som gir direkte støtte. Vi håpar at kollegaer kanskje vil gå saman og kjøpe startband slik at dei kan gjere noko fysisk og kjekt i lag. Inntektene frå startbanda har vore stabile. Dei siste åra har det vore om lag 200 deltakarar på Veten Opp og gateløpet, forklarar ho.

– Eg håpar vi saman kan dra mykje folk til sentrum denne dagen, og at mange vil vere med på å støtte denne viktige aksjonen, seier Tennebø.