Eller har du møtt på nokon som tilsynelatande utan grunn spring fram og tilbake med mobilen framfor seg, og stoppar på dei merkeligaste stadar?

Då er det godt mogleg du har sett nokon som spelar det ultrapopulære mobilspelet, Pokémon go - og at dei er ute for å fange Pokémons.

Pokémon go er den nye applikasjon-snakkisen. Den er knytt til Google maps, og baserar seg på GPS-teknologi og 3D-grafikk.

Ein del av spelet er å fange virtuelle pokémons rundt i eige nærmiljø. Såleis er dette eit spel der det ikkje nyttar å bli sittande inne. Ein må faktisk ut i naturen for å avansere.

I Måløy kan ein finne såkalla «Pokéstops» blant anna på Frelsesarmeen og på bedehuset. Elles kan dei nintendo-skapte figurane dukke opp kor som helst.

Ein kan møte på mange ulike typar pokémons, også i Måløygatane. Foto: Benedikte Flataker

I parken ved Sildeguten er der ein eigen Pokégym, der ein etterkvart kan trene pokémonane ein har fanga - og som følge av at fleire lastar ned appen kjem det til å oppstå enda fleire slike møtestadar.

Farsott over heile verda

På få dagar har det nye pokémonspelet rukke å bli det mest populære mobilspelet nokonsinne. Og det sjølv om det enda ikkje er lansert i Norge og store delar av Europa.

Slik ser det ut frå appen når ein møter på ein pokémon. Foto: Skjermdump

Dei ivrigaste har nemleg funne ein snarveg og fått tak i appen allereie.

Det vert sagt at til fleire som nyttar seg av appen i eitt område, til fleire pokémons vil vere tilgjengelege i det spesifikke området.

Så om ein er bitt av basillen og ønsker å fange flest mogleg kan det lønne seg å få med seg ein ven, eller fleire, på pokémon-jakt.