Fem unge frå Eid, Bremanger og Vanylven er nominert til Drømmestipendet for 2016.

330 unge kulturutøvarar kan no smile litt ekstra bredt, og stolt konstatere at dei er nominert.

Asbjørn Hagen frå Nordfjordeid har ein draum om å leve som teaterkunstnar. Han har i ei årrekkje vore ein av dei mest brukte lokale skodespelarar og musikalartistane i Eid, og også for Opera Nordfjord. I nominasjonen vert det trekt fram at han har eit vel utvikla musikalsk talent.

Sara Sandvik Arnestad (t.v.) er nominert til Drømmestipendet 2016 i kategorien dansar.(Arkiv

– Min største draum er å kunne leve av å spele teater. Enten som filmskodespelar, muskalartist eller som tradisjonell skodespelar ved eit av dei store teatera, fortel Asbjørn om draumen sin til Drømmestipendet.

Andreas Bergset frå Nordfjordeid er også nominert. Han har lagt ut på ei reise mot ei karriere som klassisk slagverkar. Han har allereie ei merittliste lenger enn dei fleste på sin alder. Det vert trekt fram at han har nådd eit høgt nivå, og har allereie byrja som student ved Norges Musikkhøgskole i Oslo.

– Min draum er å utvikle bruken av klassisk slagverk, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Eg har lyst å lage eit soloprosjekt der eg nyttar elektronikk og videokunst for å skape ei ny og spennande konsertoppleving, fortel han.

Sara Sandvik Arnestad er den tredje ungdommen frå Eid som er nominert.  Ho har nådd eit høgt nivå innan dans, og draumen er å kunne gjere dette til yrke.

– Eg ønskjer å utvikle meg til ein betre dansar, teknisk og kjenslemessig. Eg har lyst til å ta fleire dansetimar og få meir erfaring og kunnskap innan dans, seier Arnestad.

Også bandet Silo frå Bremanger er nominert til Drømmestipendet. I Silo finn vi vokalist Halvor Nesbakk, gitarist Iver Strand Senneset, bassist Håvard Lågeide og trommeslagar Oliver Igland.

– Dersom vi får draumestipendet vil pengane gå inn på bankkontoen som blir brukt til utstyr og anna som kan hjelpe oss å nå fleire med musikken. Draumen er etter kvart å lage eigen musikk som når så mange som mogleg, og samtidig bidra til at bluesen lev vidare, fortel dei.

Kristiane Rusten Ekremsæter frå Fiskå er nominert i kategorien songar. Song og musikk har alltid vore ein viktig del av livet hennar.

– Eg har ein draum om ein dag å få lage og spele inn eigen musikk, seier ho.