Og det var fleire enn Guro som var storfornøgde etter konserten for utviklingshemma, fredag. Godt og vel 60 brukarar pluss ledsagarar møtte opp og fekk med seg årets nysatsing under Elvisfestivalen.

– Dette er eit kjempetilbod eg veit mange set pris på, seier Ola Ødegård frå miljøtenesta i Stryn, som hadde med seg 18 brukarar til Måløy.

– Dette er mennesker som er glade i musikk, og dei vi har med har i alle fall gleda seg sida byjinga av sommarferien.

Eit takknemlig publikum

Isak «Elvis» Søraa spelar gjerne på liknande arrangement fleire gongar.

– Som artist er det aller viktigaste å få kontakt med publikum, og her i dag var det verkeleg ikkje noko problem i det heile. Elvisfiguren er fantastisk å bruke i ein slik setting, seier Søraa som både framførte sangnummer nede blant publikum, dansa på bordet og inviterte nokre ekstra heldige opp på scena for å spele luftgitar.

– Ein ser gleda i auga deira, og dei viser at dei set pris på det som vert gjort for dei. Det er ein veldig givande og takknemleg jobb å opptre framfor eit slik publikum.

Kai Martinsen var også med på konserten, og spelte kjende country-slagera til stor glede for dei swing-glade i salen. Også han inviterte publikum til å ta del på scena, og fekk med seg fleire solistar i løpet av konserten.

– Dette var fantastisk morro, publikum gir verkeleg noko tilbake. Eg storkosa meg gjennom det heile, seier han.

Tok ein runddans: Det var mange som svinga seg på dansegolvet då Kai Martinsen spelte country-musikk på slutten av konserten, fredag. Foto: Benedikte Flataker

Famnar om alle

Lars Kjølen i Elvisfestivalen var ein av initiativtakarane til konserten, og hadde også berre lovord å seie om arrangementet.

– Eg var veldig optimistisk, og sikker på at dette skulle bli suksess i forkant, og hadde håpa på mellom 20 og 30 påmeldte. Det kom omlag det dobbelte, så eg tenker vi kan seie det blei ein storsuksess, seier Kjølen nøgd.

– Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar, så eg ser ikkje vekk i frå at det vert arrangert ein liknande konsert neste år.

Kjølen fortel at Elvisfestivalen rettar fokus mot dei gruppene i samfunnet som ofte fell litt utanfor ved store begivenheiter og festivalar.

– Vi starta med konsert på Kulatoppen og Skaretun i fjor, og i år har vi sett opp denne konserten i tillegg. Vi vil vise at Elvis famnar om alle.

Kjølen understrekar at kommunen og alle ledsagerane gjorde ein strålande innsats og at der var deira planlegging i forkant som gjorde det mogleg å gjennomføre konserten.