- Det var ikkje noko mindre enn heilt fantastisk! seier Roger Igland om konserten med Tupelo i Vetvika.
Han er pressesjef i Opplev Bremanger som torsdag kveld fekk Tupelo til ein spektakulær konsert i Vetvika.
Konsert i spektakulære omgjevnader
- Det var mange som fekk smaken på Tupelo, seier Igland.
I kveld spelar dei igjen, denne gongen på klubbscena til Havly.
- Vi reknar med at det blir fullt hus, smiler Igland.