Fredag 9. desember blir julekonserten O helga natt sett opp i Sør-Vågsøy kirke. På scena blir det både solistar, kor og orkester på dei to konsertane i kyrkja denne kvelden.

– Øystein Wiik har saman med lokale artistar fylt kyrkja og gitt publikum ei fantastisk oppleving ved tidlegare høve. Igjen er han klar til å gje publikum ei fantastisk førjulsoppleving, denne gongen også med ein heilt ny midnattskonsert. Det blir ei stor oppleving, seier Lars Kjølen.

Det er Elvisfestivalen, som står som arrangør av julekonserten. Dei har mange gode erfaringar med å ha konsertar i kyrkja. Med seg på scena har dei fått både Wiik, ei rekkje lokale artistar og kor, samt Sideshow Bob med kor.

Det er ikkje få personar som står på scena fredag på dei to konsertane. Sandra Rosing Kvalheim, Stian Hjelle, Randi Melheim, Celine B. Mork og Måløy Soul Children er blant dei ein får høyre.

– Vi kan garantere at dette blir både vakkert og kraftfullt, lovar arrangørane og fortel at publikum kan vente seg vakre julesongar.