Svelgen Songlag vil arrangere stor 90-års jubileumskonsert neste år.

Svelgen Songlag blei stifta i 1927, og dette vil dei feire som seg hør og bør med jubileumskonsertar i både indre og ytre Bremanger.

Hovudkonserten vert i Svelgen, der tidlegare dirigentar og kormedlemmar også vert invitert til å vere med. Den andre konserten vert på Hauge i Bremanger.

- Vi kjem til å ta for oss ei reise gjennom historia til songlaget. Klassikarar opp gjennom tidene vert framført, men også glansnummera til tidlegare arrangement vert på tapeten, skriv songlaget ved Linn Sande Igland i brev til Bremanger kommune.

No søkjer dei kommunen om  73.500 kroner i midlar for å dekke utgifter til arrangementa.

I dag er det tjue songglade medlemmar som er med, og eit fyrverkeri av ein dirigent i Grete Berntzen.

Songlaget har hatt fleire oppsettingar tidlegare, både åleine og ilag med andre aktørar. Dei har mellom anna samarbeidd med Bremanger Musikklag med oppsettinga av Beatles-klassikarar, og gjesteopptreden med Koriander frå Eikefjord på Operahuset på Eid.

- Men dessverre har det seg slik at dei to siste åra har koret fått med eit lite underskot på budsjettet. Derfor søkjer vi kommunen om prosjektmidlar for å kunne gi koret den merksemda det fortener ved eit slikt jubileum, skriv dei.