Dette er historia som Aage Kvendseth sjølv har skrive om sølvmynten han fann på Davik i haust:

I haust fann eg ein «Rijksdaadler» i sølv frå West Friesland, i dag ein del av Nederland, med årstalet 1650. Dei to løvene i våpenskjoldet syner og opphavsområdet. Mynten har eit latinsk ordspråk både på framsida og baksida. På framsida: Mo arg pro confoe belg Westfri. Og på baksida er teksten: «Concordia res parvæ crescvnt» som om lag vil seie: «Semje får det vesle (riket) til å auke». Mynteining er eukhuizen, myntmeistar Diederik van Romond. Daadlaren veg nesten 28 gram og er 43,7 mm i diameter. Mynten låg om lag 25 cm ned i jorda på eit eng ikkje langt frå Davik kyrkje. Det er difor lite sannsynleg at ein av dei mange nyinnflytta nederlendarane på Davik har mista den!

No har eg lenge spekulert på korleis mynten kan ha hamna der.

Ein dag las eg i Aalandsboka for å finne ut meir om Davik på 1600-talet. Kunne ein av futane eller ein av prestane ha mista denne mynten? Mellom 1650 og 1692 var desse prestar i Davik: Samuel Hansson Bugge, Hans Samuelson Bugge og Peder Hansson Schreuder. Men det var fleire futar som sikkert hadde mykje sølv i lomma her i denne perioden, sidan Ytre-Davik var futegard frå 1609–1692. Jørgen Post var t.d. fut frå 1662 til 1673. Då tok Hans Blix over som fut fram til 1682.

På side 58 i denne boka las eg om preikestolen i kyrkja her. Aaland skriv: «Han er framifrå ven, er truleg frå fyrste bolk av 1600-talet og har vore nytta i 3 kyrkjer. Han er i hollandsk stil med framifrå rik utskurd og bilete av profetar, apostlar, englar, blomar og bladverk i rikt skiftande bragd». Han fortel så m.a. at preikestolen er seks-sida.

Eit stykke nede i avsnittet står det å lese: » I 1ste felt ein naken, sovande mann med eit timeglas under hovudet. I 2dre felt hovud av ei kvinna i eldre hollands bunad. I 3dje felt ein mann kvilande med hovudet på eit kruna mannshovud. I 4de felt hovud av ein mann i eldre hollandsk bunad.» (mine uthevingar).

Kva så om preikestolen var frå 1650-åra? Og at dei hollandske innslaga var der nett fordi det var hollandske handverkarar som laga stolen eller i alle fall som dekorerte den? Eller kanskje vart stolen pussa opp eller dekorert ferdig da den nye tømra langkyrkja på Davik vart innvigd i 1655? Her må fantasien ta over att:

For så var det difor, truleg, må vite, nett ein varm sommardag dette hende då to omreisande hollandske handverkarar sette seg ut på jordet ein stad der på Davik-Ytre, for å ete og drikke litt då sola stod over Middagshola. Kanskje var det ein Cornelis Are Timmermann og ein Arjan de Vries saman med nokre lokale handverkarar frå Ytrum Dauvikum (norrønt) som trong ei pause i arbeidet med preikestolen.

Så ramla denne mynten sjølvsagt ut av ei lomme til ein av dei som sat der i graset, ølet til maten var jo sterkt den gongen, og slik vart han borte i enga, ja, trakka ned i jorda av eine hoven til merra dei nytta til å dra fram trevirke med, fjordingen som roleg beita rundt dei der dei etterpå sovna i det mjuke graset i den svalande sommarvinden.

Dagen etter leita dei nok etter mynten, men den var som sokken i jorda. Slik vart den store, vakre daadlaren liggjande der i over 350 år før eg fann den ein like vakker haustdag i 2016 her i Nordfjords perle, Davik.

Men kva som eigentleg hende, veit eg sjølvsagt ikkje, ei heller kor sølvet i mynten kom frå. Men eg har ein tynn teori om det og. Spania erobra ein del av området der Nederland no er i siste del av 1500-talet og hadde makta der fram til 1648. Etter erobringa av det som seinare vart Amerika, henta Spania enorme mengder sølv frå «Bolivia», frå «sølvfjellet» i Potosi, der slavar grov det ut og smelta det for spanjolane.

Det er difor ikkje usannsynleg, tenkjer eg, at noko av sølvet og kom frå Spania til dei spanske områda i «Nederlanda» (Low countries) som peso. Peso var den tida sin dollar. Der blei pesoen seinare, etter at «hollendarane» hadde kjempa seg heilt fri att, trur eg, smelta om til lokal mynt og denne vakre daadlaren vart prega av fyrsten i West Friesland…

Kanskje var det heller ein innfødd davikar, ein ung sjømann, som hadde kome heim ein tur frå Amsterdam med lomma full av sølvmyntar, som har vore eigaren før meg. Kven veit?

Det vi veit er i alle fall at det på 1600-talet var ei massiv utvandring til Amsterdam frå Noreg. I 1650 budde det rundt 13500 nordmenn i byen, fortel kyrkjebøkene. Mange av dei var nok knytte til sjøfart, handle og frakt av tømmer. Noreg, ikkje minst Vestlandet, var den gong viktigaste tømmereksportør dit. Amsterdam står den dag i dag støtt på norsk tømmer, og var i «Hollendartida» nordmenn sin største by.