I år har Elvisfestivalen arrangert julekonserten O helga natt i Sør-Vågsøy kyrkje.

– Ein skal ikkje sjå vekk frå at dette blir ein tradisjon, seier Helge Hjelle og Lars Kjølen i Elvisfestivalen.

Dei ynskjer å inkludere folk i alle aldrar – både i publikum og på programmet. Og årets program inneheldt song frå både vaksne og yngre lokale artistar, operasongaren Øystein Wiik og ungdomskoret Måløy Soul Children.

– Heilt fantastisk!

Gjengen i Måløy Soul Children synest det var stas å få vere med på konserten.

Koret hadde fleire framsyningar i løpet av konserten, og mange fekk sjansen til å prøve seg som solistar.

– Det var litt skummelt å synge solo sidan eg ikkje hadde fått øvd, men det gjekk veldig bra, fortel solist Ine Mathea Husevåg Svoren.

– Vi fekk mykje skryt, og vil gjerne gjere det igjen – men kanskje litt tidlegare på kveld neste gong, smiler Maria Lade og får støtte frå resten.

Rosa dei lokale

Operasongar Øystein Wiik stod for fleire av innslaga, både aleine og saman med lokale songarar.

Artistane frå Vågsøy var også takksame for å ha Wiik på besøk.

– Det er fantastisk kjekt å ha deg her, og du er eit veldig stort forbilde for oss, sa Stian Hjelle før ein av duettane dei to song i lag.

Stod til forventningane

Hjelle og Kjølen meiner at ein ikkje kan få betre julestemning, og påpeiker at det samstundes er veldig fint å kunne nytte seg av kyrkja.

– Det hadde vore kjekt med fullt hus, og folk gjekk verkeleg glipp av ei flott oppleving.

Dei synest det er særleg kjekt med varierte artistar.

– Vi har Wiik som er ein inspirasjon, og unge talent som er framtida her i Vågsøy.